MiG Tautra

Artister

Odd Nordstoga

Odd Nordstoga kommer til MiG Tautra fredag 21.juli 2017

Det er no over eit år sidan albumet ”Dette Landet” kom ut. Med låtar som ”Kunsten å gå”,  ”Diesel og Bensin” og ikkje minst tittel-låten ”Dette Landet”, har dette blitt ein av mine største suksessar til no. Det har vore fulle hus og stormande jubel nær sagt overalt. Tusen takk!

No mønstrar me på turnebussen igjen, og feirar dette albumet, og resten av låtane mine. Med på lasset kjem også at eg spelte inn nokre låtar heime i akkustisk versjon no i haust. Dette blei så fint, tykte både katten min og plateselskapet, at me gav det ut i november 2016. Plata heiter sjølvsagt ”Aleine heime” og inneheld låtar eg har laga, men som eg ikkje før har spelt inn sjølv, ein coverlåt av fantastiske Lars Winnerbäck og ellers mine eigne akkustiske tolkningar av, nettopp, meg sjølv.

Alt ligg til rette for ein musikalsk fullkomen kveld med meg og mitt fantastiske band. Bandet mitt er David Wallumrød på orgel, Tor Egil Kreken på bass, Torstein Lofthus på trommer og Øyvind Blomstrøm på gitar.